Totalt antall sidevisninger

mandag 30. juli 2012

Oooooops!

Då eg skulle finna fram bilde av bunaden til mannen min, snubla eg over bilder av ein genser eg har gløymt å blogga om ! Denne genseren var ferdig i April!! Den var altfor varm å bruke då, så den vart fotografert og lagt inn i skapet i påvendte av kaldare vær.....Ute av syne, ute av sinn....
Men her er den altså!


Vendingene i vendestrikk lagar fint mønster i strikket, og gjør at genseren er  enkel å ta på og ikkje minst behageleg når den først er komt på . ( som ved bruk av Raglan- eller Rund-felling )





Genseren er stikka i garn frå mohair-geitene eg har skrive om før. Det innlegget finn du her .
Teknikken eg har brukt er frå dette danske heftet om Vendestrikk. Veldig kjekk og rask måte å strikka på!!








mandag 9. juli 2012

Flittige hender......

Hendene mine har jobba og jobbar til stadig med eit eller anna prosjekt. Blogging om det i etterkant er det ikkje alltid at hendene har så lysst ( eller tid til )   Men å gi hendene skylda er vel kanskje  ikkje heilt rettferdig, det er nemlig ho som eig hendene som sluntrar unna.... kremt....
Så ha meg unnskyldt, her kjem bilder frå mai-månad : Bunaden til min kjære mann vart ferdig ; akkurat tidsnok til å få med seg både konfirmasjon og 17.mai-feiring ! Hipp Hurra , rett og slett!!

Stolt mann i Rogalandsbunaden sin. Mamma har strikka sokkane og Pappa har bregda
sokkebanda. Resten kan eg setja signaturen min på :-)


Vegen til ferdig bunad har vore lang og kronglete , Har ikkje alltid vore like lett å sjå kor neste steg på ferda skulle gå..... Fant det litt frustrerande å gå på bunadskurs og få steg for steg beskrivelse utan å kunne sjå neste steg og utan noko som helst saumbeskrivelse. Når 10 damer sitter og venter på 1 kurshaldar, seier det seg sjølv at ein bør få med seg kva som skal gjerast ,når det endeleg er "din" tur med kurshaldaren. Har difor prøvd å notera så mykje som mogleg undervegs , slik at eg har enda bedre forståelse for bunads-saumen neste gang eg hiv meg ut på djupt vatn , for det gjer eg og det skal eg. Bunads-saum er kjekt! Og blir nok endå kjekkare når ein sjølv lærer å sjå kor stega skal gå og stinga skal syast!

Som premie for ferdig bunad , fekk eg :

EI HEIL ESKE MED GARN OG TILHØYRANDE OPPSKRIFTER FRÅ GEILSK!!!
Tusen takk, snille mannen min ! ( Og takk for tipset Dubedåre ! Du er ein god kilde for spennende stikke-prosjekt ! )

fredag 16. mars 2012

Ein gåve-idè

I januar vart ei av mine gode,  søte tantungar 8 år, og eg hadde lysst å gi ho noko litt utenom det vanlige som er å få kjøpt til små prinsesser.

På Atelièet Frisør , der eg jobbar , har me nokre fine Swarovski-krystallar som er laga slik at ein kan trè de inn på håret. Denne hårpynten er litt ekslusiv og kostar litt meir enn mykje av det andre som er å få kjøpt innan hårpynt. Derfor synest eg at innpakningen desse krystallane kjem i ,ser litt "kjip" ut.


Slik ser pakningen med Swarovski-krystallane ut........



















Tenkte først at eg bare skulle sy ei lita mappe der ho kunne oppbevare denne hårpynten når den ikkje satt i håret. Men så kom eg til å tenke på kor mykje hårpynt av forskjellig slag som samlar seg hos slike små prinsesser og fann ut at eg ville sy ein snøre -pose der ho kunne samle all slags hårpynt. ( Sikkert litt kjekt for mammo i huset og......)

Snøre-posen er sydd etter innfalls-metoden og ikkje etter mønster. Den er fora med
kvitt bomullstoff.

UFO`en har endelig landa....

På senga vår! Sannheten er at den landa for nokre veker sidan , men livet har vert fyllt opp av både gode og triste ting.....og blogginga datt ut..-igjen.
Men eit nytt år er komen, og eg har plussa på eit år på alderen min på profilen :-) Og endelig lagt sengeteppe-ufoen min der den høyrer heime: På senga. Det gav meg ny inspirasjon å bli ferdig med eit så stort prosjekt, så no har eg lysst å gi heile soverommet ein ansikts-løfting.....Me får sjå kva det kan bli :-)

Valgte å ta bilde av sengeteppet hengande ut frå 2.etasje i huset vårt...einaste måten å få tatt bilde av det, slik at ein ser heile teppet . Teppet består av 300 ruter med mørke stoff, 300 ruter lyse stoff og 300 ruter som består av ein mørk og ein lys trekant. Kvar rute er 10 x 10 cm.
Eg brukte nesten 1 år på å samle ulike nyanser i den valgte fargeskalaen.

Teppet er så stort at dette var den beste løysinga for fotoshoot.


fredag 16. desember 2011

UTFORDRINGA

 Då eg var på kurs i "Jul og Gjenbruk " av Erling Nesse, fekk me ei Utfordring : Me skulle bruka det me hadde lært på kurset og laga ei personleg julegåve......

Det vart for min del ei gåve til min mann....og sidan det var alt for lenge til jul då gåva var ferdig ( eg klarte ikkje vente ) , så vart det farsdags-gåve i staden. ( Det er vel lov?)

Bildet eg har bruka er eit kvardags-blinkskudd av våre to håpefulle... Teksten fann eg etter ein google-tur på internett som førte meg til ein nettstad med sitat og vers. Desverre huskar eg ikkje kvar.......

Eg må innrømme at teksten og bildet var allerede printa ut og klart, men at eg ikkje fekk tid til å gjere noko ut av det på kurset... ( timane vart så altfor få når kreativiteten bobla over...) Så då Utfordringa dukka opp på slutten av kurset var planen klar ..... - og her er resultatet :



Bildet er montert på eit stykke tapet som eg også har sydd nokre saumar i.

Teksten er overført til tynt bomullstoff ved hjelp av rammelim

Bomullstoffet med verset på er sydd på ein bit med lin som er bygd litt ut frå
bildet og tapetbiten bak. 

onsdag 14. desember 2011

Ikkje så galt at.......

..........det ikkje er godt for noko ! Starta friskt på nytt strikketøy for ei god stund sidan. Dette skulle bli lun og god genser til minstemann....var i hvertfall planen...., Synest det lyseblå garnet i Nøstebarns to-tråds garn, har ein nydelig farge, som ville passa minsten kjempe-godt. Men husmorfornuften tok litt overhånd då eg tenkte på korleis denne genseren ville sjå ut oppover armene etter ein arbeidsdag i barnehagen, og eg endte derfor opp med sjøgrønn farge nederst på armene og bol. Syntes fargane passa godt i lag ,og gjorde fornøyd genseren ferdig.  Men, akk, då min gode 3-åring skulle få prøva nye-genseren, viste det seg at den var akkurat passelig, og ganske så snart for liten.....
.Etter eit par sekunds betenkningstid, lova eg ny genser til min sønn, og fann ut at dette kunne jo bli ein fin-fin julepresang til ein av mine små nevøer. Så no ligg genseren innpakka og venter på jule-kvelden :-)


Genseren er strikka etter ei oppskrift i "Strikk til nøstebarn " av Kathrine Gregersen.


Har også strikka nokre pulsvantar til dei gode hjelparane mine frå forige blogg-innlegg og dei ser du her:


Desse pulsvantane fant eg i Familien Julemagasin. Raske og kjekke å strikke! De raudrosa er strikka i Mirasol frå Store Alpakka og de turkisgrønne er strikka i Sandnes mini palett.

lørdag 3. desember 2011

Ein kjempe UFO har snart landa

I forige blogg-innlegg skreiv eg om ei foreståande Open helg i Stord Quiltelag. Den helga er no passert og det har til og med gått nokre ekstra helger (kremt) Ja eg er treg med blogginnlegga mine......

Til Quilte-helga var eg så utruleg heldig å få hjelp til å montera eit dobbelt sengeteppe, som har vore ein kjempe UFO (UFerdig Objekt ) inne på syrommet mitt i mangfaldige år......så mange år at eg har kome ut av tellinga. Sjølve toppen av quilten har vert ferdig i alle desse år, men tanken på å montere toppen med vatt og bakstykke har vore veldig kviafyllt. Toppen måler 2,57 *2,57 m (!) , og det seier seg sjølv at det ikkje er gjort i ein fei......

Men, med 2 gode quiltevenner var løysinga nær . Dei hadde nemleg montert  store arbeid før og brukt ei spesial-laga ramme som hjelpemiddel. Problemet var bare at mitt arbeid var rundt ein halvmeter lengre enn det lengste dei hadde montert og den opprinnelege ramma var for liten til mitt monster av eit teppe. Men ingen problem er for store til desse tøttene og utfordringar tek ein på strak arm. Etter ein tur på Monter , nokre skruar og oppmåling seinare ,  hadde eine quiltevenninna mi ramme ,  som no kan ta tepper opp til 3*3 meter!


Her er bakstykket i ferd med å bli stramma opp på ramma



Etterpå la me vatt oppå. Her må ein ta ein halvtimes pause slik at vattet får lagt seg skikkeleg mot bakstykket.
Me benytta pausen til kaffi og vafler :-)


Så var det toppen sin tur.....Etter å ha nålt den fast til vatt og bakstykke, var det tid for tråkling..Og korleis i all verden gjer ein det når ein ikkje har nubbesjangs til å rekke inn mot midten på arbeidet? Jo, då tråklar ein det frå undersida :-)
Det har eg desverre ikkje bilde av.






Eg fann ut at hvis eg brukte ei skei å skubba teppedelene ned med den samtidig som eg dro nåla gjennom,var det mykje enklare og raskare å tråkle arbeidet.Krumminga på skeia gjorde det lett å få tak i nåla med fingrane.





Eg trudde eg var fyrste til å bruke skei i tråklinga, men ei dame fortalde meg at i USA har de spesial-laga skeier nett til dette formålet...... Jaja, trøsta får vera at det visste ikkje eg då eg kom på det :-)









Her er eg i full sving med tråklinga. No ligg teppet klart ved symaskinen og skal quiltes,fortsettelse følger......

Sist men ikkje minst: Tusen takk til Agnete og Elisabeth Augusta for fantastisk hjelp med ramme og monteringsarbeid, og tusen takk til Gerd Marit for iherdig og flittig tråkling!!